Laurdag 15. august feira Leikanger kommune nytt sentrumsområde med gatefest og offisiell snorklipping. Systrond sogelag sitt bidrag til arrangementet var ei guida sentrumsvandring med fokus på sentrumsutvikling gjennom tidene.
Dei om lag 25 deltakarane møtte opp ved gamlehotellet,og vandringa starta med orientering og historier om Henjasanden, Njøsasanden, Knutsenhuset, Knutsenbui, og Kikka sin kafedrift.
Guidane frå sogelaget – Per Holen og Knut Henning Grepstad – formidla historia om hotellet og Drægni sin saft- og syltetøyfabrikk, samt om juleselskapet i Knutsenhuset som skal vere opphavet til namnet Hermansverk.
Siste del av vandringa gjekk til Bankplassen, der gruppa fekk historia om hermetikkfabrikken, kraftverket, sagbruket, butikkane og møbelfabrikken.