Knut Henning Grepstad har teke på seg å leie Systrond sogelag eitt år til. Etter årsmøtet 2. mars vart desse valde inn i styret:
- Knut Henning Grepstad, leiar – vald for 1 år
- Marit Anita Skrede – vald for 2 år
- Bodil Andersen Strand – vald for 2 år
- Kjell Arne Valvik – vald for 1 år
- Bjørn S. Sølsnæs – vald for 1 år
- Therese Nesset (fast møtande vara) – vald for 1 år
- Sigrun Espe – vara med nett-ansvar – vald for 1 år
- Jan Reidar Njøs – vara – vald for 1 år
I tillegg til dette har vi fått med oss Randi Melvær og Kjerstin Risnes i valnemnda. Resten av møteboka kan du lese i vedlegget under.
Etter møtet kåserte forfattar Emma Husabø Manin om boka si «Barnet i veven». I boka legg ho hendingane til eit fjordsamfunn som liknar på Systrond.
Emma er oppvaksen i Leikanger og har god kunnskap om fjordbygdene si historie.
Ho meiner ein forfattar og eit sogelag kan trekkja på og ha nytte av kvarandre. Eit sogelag er dokumentarisk orientert og jobbar etter historikaren sitt ideal. Forfattaren, står meir fritt til å fylla miljøet med liv som er levde. Arbeidet til forfattaren krev mykje tid på å setja seg inn i saksorientert kunnskap, som statistikk og faktiske hendingar.
Takk til Emma og til alle som møtte for ein kjekk kveld.