Styret si årsmelding frå 2017 gir informasjon om aktivitetar og drift av Systrond sogelag. Her kan ein mellom anna lese om arbeidet med kulturminneplanen i Leikanger, utvikling av informasjonsskilt rundt om i bygda, bygdevandring, dugnadsarbeid, medlemskveldar og informasjonsmøte som var halde i 2017.
Tillitsvalde
Styret har vore samansett slik etter årsmøtet 5. april 2017:
Leiar
Kjell Arne Valvik
Styremedlem
Knut Henning Grepstad (nestleiar)
Marit Anita Skrede (skrivar)
Sigrun Espe (nettansvarleg)
Bjørn Sølsnes
Varamedlem
Katrine R. Wilson (fast møtande vara)
Bodil Andersen Strand
Jan Reidar Njøs
Revisor
Magnar Fredheim
Valnemnd
Per Holen
Diana Ekren Grundt
Medlemar
Ved årsskiftet 2017/2018 hadde laget 76 medlemar. Det er ei auke på 3 medlemar frå årsskiftet 2016/2017. Arbeidet vi gjorde i 2015 for å verve medlemar (47 nye) har ikkje vore prioritert i 2016 og 2017. Dette arbeidet må takast opp att i 2018, slik at vi kan få til auka aktivitet i laget.
Medlemskap i andre organisasjonar
Laget er medlem av landslaget for lokalhistorie. Gjennom dette medlemskapet får laget tilsendt Lokalhistorisk magasin og Heimen. Det er kome melding om at desse publikasjonane framover blir distribuert digitalt.
Årsmøte
Det vart halde årsmøte 5. april 2017 på Amtskontoret. Rekneskap og årsmelding vart samrøystes godkjende.
Andre møte
Styret har hatt møte etter behov. Leiaren/nestleiar har delteke i fleire møte med kommunen både når det gjeld Leikanger kommune sin kulturminneplan og skiltprosjekt (Henjahaugane). I tillegg har det vore møte knytt til skiltprosjektet som sogelaget tek del i saman med Opplev Leikanger og kommunen.
Systrendingen
Marit Anita skrede har redaktøransvaret for Systrendingen. Bladet kjem ut med to nummer i året. Det er 259 (+ 7 gratis) abonnentar på Systrendingen. I tillegg vert bladet selt på Små Livsgleder og via Facebooksida og heimesida. Styret vil rette ei stor takk til redaktør Marit Anita Skrede og redaksjonsnemnda for eit flott blad. Styret vil også rette ei stor takk til alle som har skrive i bladet. Systrendingen blir godt motteke av lesarane, og det har kome fleire gode tilbakemeldingar.
Leikangerkalendaren
På grunn av stor arbeidsmengd har sogelaget berre i mindre grad tatt del i arbeidet med Leikangerkalendaren i 2017. Sogelaget deltok med nokre bilete og informasjon.
Aktivitetar og tiltak
Kulturminneplan for Leikanger kommune
Sogelaget har delteke i dette viktige arbeidet. I styringsgruppa for planarbeidet deltek Kjell Arne Valvik, Knut Henning Grepstad og Marit Anita Skrede. Elles er styringsgruppa sett saman av politikarar og administrasjonen i Leikanger kommune. I tillegg har medlemar i sogelaget aktivt teke del i registreringsarbeidet knytt til planen. Det har vore fleire møte i styringsgruppa, og i tillegg arbeidsmøte med admisistrasjonen i kommunen. Resultata frå arbeidet i gruppene er no kome inn i arealdelen til Leikanger kommune med omsynssoner/prioriterte kulturminne/kulturmiljø (ikkje vedteken, planlagt vedteken av kommunestyret før ferien). Når arealdelen er vedteken står kulturminneplanen for tur i kommunestyret.
Reparasjon av Turken på Nybø i samarbeid med kommunen
Den gamle turken har fått nytt tak og trea tettast på bygningen er tatt ned. Leikanger kommune gjorde grunnarbeidet, og sogelaget fekk med nokre dyktige karar på dugnad. Takk til Svein Helge Frækaland, Knut Dokken, Åsmund Espe og Lars Håkon Seim. Det blei rydda vegetasjon i området. Dette arbeidet vart gjort av Kjetil Berg etter initiativ frå sogelaget.
Grinde-Engjasete – ope møte og fotopresentasjon
Saman med Fylkesmannen i Sogn og Fjordane inviterte Systrond sogelag til ope møte og fotopresentasjon om Grinde-Engjasete, som er eitt av 22 utvalde kulturlandskap i jordbruket i landet. Innleiar var Oskar Puschmann, landskapsgeograf ved NIBIO. Puschmann har i fleire år reist rundt og fotografert det norske kulturlandskapet. Gjennom å samanlikne sine bilete med eldre bilete får han fram landskapsendringar på ein tydeleg og engasjerande måte. Godt oppmøte, ca. 50 i salen.
Skiftende tider – skiftende traktor. Foto: Roald Lunde (1975) og Oskar Puschmann (2016).
Klargjering av sogelaget sitt lager i kjellaren på Amtskontoret
Det har vore fleire rundar med dugnadsarbeid i kjellaren på Amtskontoret. Først flytting av Sogelaget sitt lager på kommunehuset og seinare overtaking av bøker og rekvisita frå Sparebanken Sogn og Fjordane i samband med at dei flytta ut av banklokala på Hermansverk. Knut Hennig Grepstad har leia dugnadsarbeidet. Det er behov for å kle veggane i kjellaren. Det vert søkt kommunen om å få dette gjort.
«Tusen år i Sogn» Medlemskveld/bokkveld i samarbeid med Selja forlag
Systrond sogelag inviterte til medlemskveld/bokkveld. Steinar Velle presenterte boka si Tusen år i Sogn, medan Jens Brekke fortalte om si nye bok Synd og soning. Knut Henning Grepstad
heldt ein kort introduksjon til julenummeret av Systrendingen. Kulturskulen hadde musikkinnslag. Det var sal av bøker, Systrendingen og Røysanåler. Enkel servering. Om lag 40 møtte på medlemskvelden.
Røysanåla
Vi har selt nokre nåler til jul i 2017. Vi har no 12 nåler som ikkje er selde.
Heimeside
Sogelaget si heimeside www.systrondsogelag.no og Facebook-profil for laget har gjennom året blitt oppdatert med ulike saker og arrangement. Styret vil rette ei stor takk til Sigrun Espe for arbeidet med heimeside og Facebook-profil.
Bygdevandring kyrkjestadane frå mellomalder
Sogelaget arrangerte bygdevandring til kyrkjestadane på Njøs, Henja og Hamre. Vandringa vart halden av Knut Henning Grepstad. Det var godt frammøte (ca. 75 pers.).
Skiltprosjektet
Systrond sogelag og Opplev Leikanger samarbeidar om nye informasjonskilt i kommunen. Til no er dette blitt ein tursti med 15 skilt. Det blir arbeidd vidare med fleire skilt, slik at vi til slutt dekker alle grendene i kommunen. Arbeidet med skilting i samarbeid med Opplev Leikanger blir vidareført. I tillegg kjem skilta på Grinde i samarbeid med fylkesmannen (Utvalte kulturhistoriske landskap i jordbruket) og skilt ved gravfeltet på Henjahaugane.
Skiltprosjekt Henjahaugane gravfelt
Våren 2016 vart det i samarbeid med kommunen søkt fylkeskommunen/Riksantikvaren om midlar til tilrettelegging og formidling av gravfeltet på Henjahaugane. Vi har fått vel 80 000 til dette formidlingsprosjektet (BARK-midlar frå Riksantikvaren). Arbeidet må gjerast i løpet av 2018. Sogelage/kommunen har hatt møte/synfaring med kulturavdelinga i fylkeskommunen. Det viste seg at tiltaka vi ynskjer å gjere på og ved gravfeltet ville krevje dispensasjonshandsaming av Riksantikvaren. Sogelaget utforma søknad med planskisse til fylkeskommunen som sende denne vidare til Riksantikvaren. Dispensasjon vart gjeven mars 2018. Sogelaget blir ein viktig aktør i det vidare arbeidet med tilrettelegginga; skilttekst, rydding busker og kratt, opparbeiding sti og «rasteplass». Kommunen/Statens vegvesen vil ha ansvaret for å ta ned større tre (arbeid med motorsag) med kranbil for dei trea som heng ut over fylkesvegen, samt oppsetting av gjerde, bygging av gangveg og rasteplass med benkar. Sogelaget hjelper til med dette arbeidet og ryddinga. Vi må før sommaren samle ein dugnadsgjeng til dette arbeidet. Takk til Hilde Ruud for utarbeiding av skisse for tiltaka på gravfeltet.
Vidare arbeid
Kulturminneplan for Leikanger kommune
Arbeidet med kulturminneplanen i samarbeid med kommunen og innbyggjarane i kommunen held fram. Sogelaget deltek både i skriving av sjølve planen og registreringsarbeidet. Sist ut er Steinar Velle som har skrive ein kortversjon av mellomalderhistoria i Leikanger til planen. Dette er det prosjektet, saman med tilrettelegginga av Henjahaugane, som vil ha størst fokus og arbeidsmengd for laget i 2018.
Skiltprosjektet i samarbeid med Opplev Leikanger og kommunen
Sogelaget tek del eit større formidling-/skiltprosjekt i kommunen. Dette er ei oppgradering og vidareføring av «Fruktstien» som vart etablert på 1990-talet. Dette arbeidet gjer vi i samarbeid med Opplev Leikanger og kommunen, med mellom anna midlar frå Sparebankstiftinga. 15 skilt er sett opp, men det må jobbast vidare med fleire skilt i 2018. Knut Henning Grepstad har ansvar for skiltsamarbeidet med Opplev Leikanger.
I tillegg skal formidlingsprosjektet (skilt og tilrettelegging av gravfeltet) på Henjahaugane ferdigstillast til Fruktbare dagar 2018. Riksantikvaren tekk tilbake midlane om prosjektet ikkje er ferdigstilt innan utgangen av 2018.
Medlemskveld 4. oktober i Leikanger kyrkje
Professor i mellomalderarkeologi, Alf Tore Hommedal, kjem til Leikanger og held føredrag om mellomalderen (med vekt på Systrond) i Leikanger kyrkje i samband med Fruktbare dagar 2018. Føredraget vert torsdag 4. oktober. Sogelaget må legge til rette for føredraget i Leikanger kyrkje. Bjørn Sølsnes har hovudansvaret for det praktiske i kyrkja.
Bygdesoge for Leikanger kommune
Styret og årsmøtet har vedteke å lage ein strategi for å få på plass ei bygdebok for Leikanger kommune. Fleire medlemar har spelt inn ynskje om fortgang i dette arbeidet med tanke på kommunesamanslåinga i 2020. Dette må vere ei prioritert oppgåve for sogelaget i tida framover.
Leikanger 14.05.2018