Systrond sogelag inviterer til bygdevandring tysdag 7. juni i fantastiske Eitorn. Olav Eitungjerde vert vår lokale guide, og turen vil ta mellom 2 og 3 timar.
Oppmøte på Hella kl 17.00.
Kom åleine eller ta med ein ven, son, mor, søskenbarn, kollega, hund e.l.
Vi satsar på å avslutte turen på 17. mai-haugen – ein perfekt plass for kveldsmat eller ein kopp kaffi for dei som ønskjer å ta med niste og/eller termos.
Meld deg på vandringa på Facebook for å få oppdateringar (lenke).