Knut Henning Grepstad har teke på seg å leie Systrond sogelag eitt år til. Etter årsmøtet 2. mars vart desse valde inn i styret:
Les meirKategoriarkiv: Sogelagsarbeid
Årsmøte og ope møte
Velkomen til årsmøte og ope møte onsdag 2. mars kl. 19.00 på Sognefjord Hotel.
Det vert først vanlege årsmøtesaker med val. Etter årsmøtet kan du høyre den utflytte systrondsforfattaren Emma Husabø Manin snakke om kvifor ho skriv historiske romanar.
Vi har utfordra Manin til å snakke om korleis det er å skrive historiske romanar, og om korleis oppveksten på Systrond har vore ein inspirasjon.
Les meirHar du sikra deg siste utgåva av Systrendingen?
Systrendingen nr. 2/2021 kom ut før jul. Dei som har abonnement skal ha fått bladet i posten. Alle andre kan kjøpe bladet på butikken Små Livsgleder i Saften på Hermansverk.
Les meirSommarnummeret av Systrendingen klart for ei kosestund!
Når starta fotballen i Syril? Kor lenge var Peder Rusten lensmann i Leikanger? Kor er Bodlasteinsvatnet og Oksli? Kvifor heiter det Laggasteinane? Når vart første skyttarlaget skipa på Leikanger?
Vil du ha svara? Dei finn du i i Systrond sogelag sitt fyldige sommarnummer av Systrendingen. Her er varierte artiklar om interessante tema frå store deler av Systrondsbygdi.
Les meirNy utgåve av Systrendingen
Andre utgåve av Systrendingen for 2020 er no tilgjengeleg. Er du allereie abonnent, kjem den i postkassa. Ein kan også kjøpe bladet på Små Livsgleder på Saften. Kjenner du kanskje nokon som ønskjer seg Systrendingen i julegåve?
I denne utgåva av Systrendingen er det fleire artiklar som tek føre seg bygningar i bygda. Den fyrste bygningen me får knyta nærare kjennskap til er bustadhuset i Baldershage. Dette huset var opphavleg bygd som lensmannsbustad i 1882. Familien til lensmann Peder Rusten budde der i vel 40 år. No har familien til Karl Husabø budd der i nesten 100 år, og det er Karl som fortel historia om huset.
Les meirOmfattande skiltprosjekt
Du har kanskje lagt merke til nokre av dei 36 skilta som presenterer kulturen, naturen og næringsaktiviteten i bygda vår frå Hella til Grauthaug? Dette er resultat av eit samarbeid mellom Systrond sogelag og Opplev Leikanger.
Les meirKva vil Systrendingar ha med i ny samfunnsplan for Sogndal kommune?
Korleis vil me at Sogndal kommune skal vere i 2030? Sogndal kommune skal revidere samfunnsdelen i kommuneplanen – vi håpar du vil delta på innspelmøte på Leikanger!
Systrond sogelag ønskjer å invitere alle våre medlemmar og andre systrendingar til å medverke i arbeidet med ny samfunnsdel i kommuneplanen for Sogndal kommune. Saman med nokre andre organisasjonar i lokalsamfunnet vårt var vi med på eit oppstartsmøte i Sogndal i regi av Sogndal kommune. Det vidare arbeidet handlar no om å få mobilisert innbyggarane til å kome med sine innspel.
Innspelsmøte på Leikanger
Syril, Skyttarlaget, Røde Kors, Musikklivet, Opplev Leikanger og Sogelaget arrangerer eit lokalt innspelsmøte den 26. oktober frå kl 18 til kl 20. Møtet blir på i skyttarhuset på Moene. På dette møtet vil du treffe andre som er engasjerte i lokalsamfunnet sitt, og ein kan arbeide saman om gode idear. Her vil alle idear og forslag bli med vidare.
Vi håper du har tid til å delta i dette viktige arbeidet eit par timar ein måndag kveld.
Grunna koronasituasjonen er det viktig at du sender påmelding innan 23. oktober til Gunn Helen Henne: opplevleikanger@gmail.com.
Les meir om arbeidet med ny samfunnsplan på Sogndal kommune si heimeside.
Bombinga på Systrond 25. april 1940
For 80 år sidan vart både Hanehaug og Hermansverk i Leikanger bomba av tyskarane.
25. april i 1940 låg DS «Gudvangen» på Hermansverk. Seinare same dag kom DS «Kommandøren» til kaien på Hanehaug på Leikanger. Fylkesbåtane eigde begge båtane.
Les meirGuida tur og historietime med NRK
Kvar dag klokka 11.00 går NRK Vestland direkte frå ein ny stad i fylket. Fredag vart reportarane guida gjennom Leikanger av leiaren av Systrond sogelag, Knut Henning Grepstad. Sjå innlegget i nettsaka på NRK.no/vestland.
Sogelaget arrangerte tettstadvandring
I samband med markeringa av samanslåinga av Leikanger, Balestrand og Sogndal, vart det laurdag 11. januar arrangert ei guida tettstadvandring på Leikanger. Sogelaget ved leiar Knut Henning Grepstad stod for guidinga.
Vi var ikkje heldige med vêret, men om lag 35 personar deltok på vandringa. Både ordførar og varaordførar for Sogndal kommune var med.
De kan lese meir om tettstadvandringa i Sogn Avis: http://www.sognavis.no/trassa-regnet-for–lra-om-systrond