Bakgrunnen for Harald Hårfagre-prosjektet
Framståande historikarar som professorane Knut Helle, Torgrim Titlestad og Claus Krag er samde om at Harald Hårfagre var son til austlandskongen Halvdan Svarte og Ragnhild, dotter til sognekongen Harald Gullskjegg. Som halvt sogning av fødsel og endå meir gjennom oppvekst, fortener han å få eit minnesmerke på Husabø.
Gjennom fleire avisinnlegg dei siste åra har Steinar Velle prøvd å dra fram Harald Hårfagre si tilknyting til Sogn. På nyåret i år vart Steinar Velle kontakta av hotelleigar Jan Erik Lie. Han støtta tanken fullt ut, og kunne fortelje at Erling Eggum har ei lita tomt, ca 100 m2 på oppsida av Strandavegen, ca 100 m innanfor Leikanger Fjord Hotell. Denne tomta stiller han gratis til disposisjon for eit minnesmerke.
Les meir →