Leiar i Systrond sogelag, Kjell Arne Valvik, var lokal guide når NRK kom på besøk for å jobbe med eit lokalhistorisk prosjekt.
«Ved hjelp av lokalhistorikarar og historielag ynskjer vi å presentere bilete som viser utviklinga for ei lang rekkje kommunesenter og vekststader frå det vakre fylket vårt«, seier NRK på si heimeside. NRK samanliknar gamle flyfoto frå Kartverket og nye flyfoto. I artikkelen kan ein både lese om og sjå bilete frå Sogndal, Hermansverk, Gaupne, Øvre Årdal og Høyanger.
«Til liks med mange andre sentrumsstader er den mest dominerande endringa knytt til overgangen frå landbruk til sentrumsfunksjonar og andre næringar«, seier Valvik. «Kulturlandskapet er i endring, og det er særleg det sentrumsnære kulturlandskapet som har vore under sterkt press.»