I Leikanger har vi Leikanger bygdebok, gardssoga utgjeven i 1965 og Leikanger bygdebok, ættesoga utgjeven i 1979. Bygdebøkene er viktige historiske kjelder, og Systrond sogelag søker no kommunen om midlar til å revidere bygdebøkene.
Sogelaget har vore i kontakt med ulike personar og fagmiljø for å finne ut av korleis dette arbeidet best kan organiserast, gjennomførast og finansierast. Dette er vårt forslag:
- Gardssoga må reviderast og publiserast, rikt illustrert med bilete.
- Ættesoga kan presenterast elektronisk, noko som mellom anna vil kunne gjere det enklare å vedlikehalde og oppgradere soga.
- Arbeidet bør ha ei tidsramme på tre år: 2019-2021
- Ein fagperson, med bakgrunn til dømes frå historie eller arkeologi, må utføre arbeidet. Det bør også knytast ein biletredaktør til arbeidet.
- Den eller dei som skal gjere arbeidet må ha lokal forankring og nærleik til kommunen.
- Ei styringsgruppe skal rettleie i arbeidet.
Sogelaget har søkt Leikanger kommune om 3 millionar til prosjektet, fordelt over tre år, med oppstart i 2019.
Har du spørsmål eller innspel? Ta kontakt med leiar i sogelaget, Knut Henning Grepstad på leiar@systrondsogelag.no.
I hope you can speak English, because I don’t speak any Norwegian. My family came from the Husabo farm in the 1860s. I can provide you information on family, if you would like it. I am finishing up a book on the Husebys in America and would happy to email you the first chapter pertaining to those who came from there. I do have a question for you. It has to do with the Risene farm. my family evidently lived on that farm in the 1800s. Do you know where that is and whether it became part of another one? No one over here can figure it out. I am willing to do some research on this end if anyone needs some help.
Hope to hear from you.
Dean
Thank you for your comment . We will get back to you by email.