Omfattande skiltprosjekt

Du har kanskje lagt merke til nokre av dei 36 skilta som presenterer kulturen, naturen og næringsaktiviteten i bygda vår frå Hella til Grauthaug? Dette er resultat av eit samarbeid mellom Systrond sogelag og Opplev Leikanger.

Knut Midtun konstaterer at skiltet på Bjørgahaug er solid på plass. Med god utsikt over bygda fortel skiltet kva vi ser.

Det er ei historie i bilete og tekst der me viser i geografien konkret kva som har skjedd, der bygdefolk og andre kan setja seg inn i Leikanger si utvikling. Me håpar at skilta skal gje folk inspirasjon til å gå på tur og på same tid kan læra bygdesoga, seier Knut Henning Grepstad, leiar i Systrond sogelag og prosjektleiar for skiltprosjektet i bygda.

Systrond sogelag og Opplev Leikanger har samarbeida om dette skilprosjektet sidan 2013. Det første skiltet kom på Amtskontoret i samband med Sogn og Fjordane fylkeskommune sitt 250-års jubileum, og det neste var eit skilt ved Harald Hårfagreparken på Leikanger. I 2016 kom det heile 19 nye skilt og hausten 2020 kom 14 nye på plass.

Dette er eit trivsels- og reiselivsprosjekt Leikanger kan vera stolt av, seier Grepstad.

Vatningsveitene i bygda er dokumenterte. Eirik J. Husabø deltok i dugnadsarbeidet på Kleppa.
Njøsadalen har fått sitt skilt plassert ved inngangen til dalen.
Skiltet ved Sognefjord Hotel har vorte oppdatert.

Les meir om prosjektet i nyhendesak i Sogn Avis: «Løftar bygda med spennande prosjekt: – Trivsel og lærdom hand i hand.»