Det gamle eldhuset på Leikanger prestegard brann ned i morgontimane søndag 20. november. Dette var ein av fem bygningar på den flotte prestegarden, som er eit av bygdas viktigaste kulturminne.
Det er eit tap for lokalsamfunnet, for Sogndal kommune og for Kyrkja i Sogndal. Systrond Sogelag vil understreke kor viktig det er at prestegarden vert teke godt vare på i framtida.
Systrond sogelag meiner det er naudsynt å stella den praktfulle hagen, og ynskjer ei heilskapleg vurdering av prestegarden.
Ved Leikanger kyrkje ligg den uvanleg grøderike prestegardshagen. Det er ein sjeldan vakker botanisk hage med 5 velhaldne bygningar og fleire eksotiske planteslag. Mange av trea og vekstane i hagen høyrer til på langt sørlegare breiddegrader.
Falske nyhende og konspirasjonsteoriar finnast i mengder i dagens medieflora og i sosiale media. I Sogn vart vi tidleg råka av fenomenet. I sommarnummeret av Systrendingen presenterer vi ei snart 50 år gamal lokal sak.
Velkomen til årsmøte og ope møte onsdag 2. mars kl. 19.00 på Sognefjord Hotel.
Det vert først vanlege årsmøtesaker med val. Etter årsmøtet kan du høyre den utflytte systrondsforfattaren Emma Husabø Manin snakke om kvifor ho skriv historiske romanar.
Vi har utfordra Manin til å snakke om korleis det er å skrive historiske romanar, og om korleis oppveksten på Systrond har vore ein inspirasjon.
Systrendingen nr. 2/2021 kom ut før jul. Dei som har abonnement skal ha fått bladet i posten. Alle andre kan kjøpe bladet på butikken Små Livsgleder i Saften på Hermansverk.
Når starta fotballen i Syril? Kor lenge var Peder Rusten lensmann i Leikanger? Kor er Bodlasteinsvatnet og Oksli? Kvifor heiter det Laggasteinane? Når vart første skyttarlaget skipa på Leikanger?
Vil du ha svara? Dei finn du i i Systrond sogelag sitt fyldige sommarnummer av Systrendingen. Her er varierte artiklar om interessante tema frå store deler av Systrondsbygdi.
Utan vatn er det ikkje mogeleg å dyrke jorda. Fram til ein fekk elektriske pumper var det i mange område i Noreg ei krevjande utfordring for jordbruket å få fram nok vatn. Langt tilbake i historia har bøndene bygt veiter som førde vatn til jordene. Gardbrukarane laga samarbeidskontraktar om å byggja og vedlikehalda vassveiter frå høgfjellet til gardane. Dei vedtok reglement og etablerte vatningsstyre. Det var nøye regulert korleis vatnet skulle fordelast mellom hovudveitene og sideveitene, med tal timar kvar brukar kunne vatna. Systrond sine vassressursar i fjella har alltid vore viktige for livet og økonomien i bygda. Systrond har hatt seks veiter som førte vatn frå vasskjelder i fjella. Veitene leverte vatningsvatn til stølane, gardane, tilsig til brønnane og for nokre det einaste husvatnet.
Me veit ikkje kor tidleg dei første veitene på Leikanger vart laga. Nokre kjelder går tilbake til 1600-/1700-talet. Frå midten av 1800-talet kom meir intensivt jordbruk med nye reiskapar og nye artar. Fruktdyrkinga starta opp frå slutten av 1800-talet. Veitene var no forbetra. Det vart trong for meir vatn og til nye område.
Dei viktigaste veitene på Systrond er Njøsaveiti der det var fire veiter, Henjaveiti for gardane på Henjum og Røysum, Husabøveiti, Hamreveiti og Grindsveiti. Alle veitene hadde eit system av sideveiter.
Informasjonstavla er laga i eit samarbeid mellom Systrond sogelag og Opplev Leikanger med støtte frå Sogndal kommune, Sparebankstiftinga og Gjensidigestiftinga. Tekst: Systrond sogelag/K. H. Grepstad. Foto: Håvard Nesbø. Layout: IHP as – Leikanger
Aust for kyrkja ligg Sogndal kommune sitt Tinghus, det første administrasjonsbygget på Leikanger. Sentraladministrasjonen for Sogndal kommune held til i bygget.
Tinghuset vart teke i bruk 1939. Murbygningen er i klassisistisk stil med mange av dei originale detaljane og overflatene intakte. Bygningen er eit særmerkt kulturminne, både arkitektonisk og kulturhistorisk. Tinghuset har ein viktig rolle i den administrative historia på Leikanger og i tidlegare Sogn og Fjordane fylke.
Digitaliseringsdirektoratet (Digdir) held til i Statens Hus like aust for Sorenskrivargarden. Like aust for Digdir ligg ein raud bygning, eit vakkert funkishus frå sist på 1930-talet. Det er den tidlegare embetsmannsbustaden til politimeisteren i Sogn. Huset, i dag i privat eige, er freda.
Tinghus II (den kvite lågblokka) kom i 1950-åra og Tinghus III (høgbygget i fleire fargar) kom på 1960-talet. Dei to husa vart etter kvart avløyste av nye administrasjonsbygg andre stader i bygda. Etter å ha stått tomme ei tid vart bygningane rivne i 2019.
Informasjonstavla er laga i eit samarbeid mellom Systrond sogelag og Opplev Leikanger med støtte frå Sogndal kommune, Sparebankstiftinga og Gjensidigestiftinga. Tekst: Systrond sogelag/K. H. Grepstad. Foto: Ørjan Talle. Layout: IHP as – Leikanger.
Leikanger med ca. 2300 innbyggarar, eigen kommune til 2020, er den tidlegare fylkeshovudstaden i Sogn og Fjordane.
Dei 16 kilometerane frå Kvinnafossen til Fatlaelvi er kalla Systrond. Vendt mot sør, med godt klima og god tilgang på vatn, har området vore ein viktig matvareprodusent – frukt, bær, grønsaker og kjøt. Området vart tidleg eit nasjonalt senter for forsking på produksjonsmetodar og utvikling av nye sortar innan frukt og bær.
Leikanger vart administrasjonsstad for det meste av statleg og fylkeskommunal verksemd i gamle Sogn og Fjordane fylke. Embetsmennene fann høvelege gardar i eit godt klima nær fjorden, som på den tida var den viktigaste transportåra. Sorenskrivaren kom i 1850 og amtmannen, no fylkesmannen, i 1862. Langs fjorden ligg fleire embetsmannsbustadar – fylkesmannen, politimeistaren, sorenskrivaren og presten. Vegsjefen hadde embetsbustad lenger oppe.
Det første moderne kontorbygget (Tinghuset) vart ferdig i 1939. Seinare er det bygt eit nytt kontorbygg om lag kvart åttande år i området ved kyrkja og på Hermansverk. Framleis er offentleg forvalting med omlag 1200 arbeidsplassar den dominerande sysselsettinga. Sentraladministrasjonen for Sogndal kommune ligg her. Leikanger var den einaste mindre tettstaden i Noreg som var vertskommune for dei fylkesdekkande administrative tenestene.
Kong Harald Hårfagre (850-930) samla Noreg til eitt rike. Han levde mest truleg ungdomsåra sine i Husabø på Leikanger. Leikanger kyrkje er frå om lag 1250.
Informasjonstavla er laga i eit samarbeid mellom Systrond sogelag og Opplev Leikanger med støtte frå Sogndal kommune, Sparebankstiftinga og Gjensidigestiftinga. Tekst: Systrond sogelag/K. H. Grepstad. Foto: Håvard Nesbø. Layout: IHP as – Leikanger.