Sentrumsvandring med sogelaget
Laurdag 15. august feira Leikanger kommune nytt sentrumsområde med gatefest og offisiell snorklipping. Systrond sogelag sitt bidrag til arrangementet var ei guida sentrumsvandring med fokus på sentrumsutvikling gjennom tidene. Les meir
Ny leiar i sogelaget
I siste utgåve av Systrendingen finn vi dette intervjuet med den nye leiaren i sogelaget, Kjell Arne Valvik. Henning Rivedal har skrive teksten.
Som namnet tilseier er han frå Flora. Han er 44 år gammal og arkeolog med arbeidsplassen sin i Asplan Viak, gift med redaktør i Systrendingen Marit Anita Skrede, og har ambisjonar når det gjeld Systrond Sogelag.
Kulturhistorisk vandring i sentrum
Systrond sogelag vil invitere til ei kulturhistorisk vandring i sentrum laurdag 15. august kl 16.30.
Laurdag arrangerer Leikanger kommune og Opplev Leikanger gatefest og offisiell opning av ny gate og plass i sentrum. I samband med dette vil sogelaget ved Knut Henning Grepstad og Per Holen guide og fortelje om sentrumsutviklinga i eit historisk perspektiv.
Vil du vere med? Møt opp ved gamlehotellet kl 16.30.
Hårfagrepark i Strandavegen
Bakgrunnen for Harald Hårfagre-prosjektet
Framståande historikarar som professorane Knut Helle, Torgrim Titlestad og Claus Krag er samde om at Harald Hårfagre var son til austlandskongen Halvdan Svarte og Ragnhild, dotter til sognekongen Harald Gullskjegg. Som halvt sogning av fødsel og endå meir gjennom oppvekst, fortener han å få eit minnesmerke på Husabø.
Gjennom fleire avisinnlegg dei siste åra har Steinar Velle prøvd å dra fram Harald Hårfagre si tilknyting til Sogn. På nyåret i år vart Steinar Velle kontakta av hotelleigar Jan Erik Lie. Han støtta tanken fullt ut, og kunne fortelje at Erling Eggum har ei lita tomt, ca 100 m2 på oppsida av Strandavegen, ca 100 m innanfor Leikanger Fjord Hotell. Denne tomta stiller han gratis til disposisjon for eit minnesmerke.
Pyttane
Systrond sogelag jobbar saman med frivillige og Leikanger kommune om å registrere kulturminne. 14. mai vitja vi Pyttane med penn, papir og kamera. Ta gjerne kontakt om du har informasjon om dette nedlagde småbruket.